Frå statsministerens program veke 8
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Dato: 17.02.2006 | Sist oppdatert: 05.10.2006
Pressemelding
Nr.: 28/2006
Dato: 17.02.06
Priv. til red.:
Frå statsministerens program veke 8
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15, og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.
Fredag 17. februar:
Frå fredag 17. til sundag 19. februar gjestar
statsministeren Dei XX. olympiske vinterleikane i Torino i Italia.
Pressekontakt er ekspedisjonssjef Ingvard Havnen, telefon 95 46 83
83.
Statsministeren kjem til Torino om
føremiddagen.
Kl. 14.00 følgjer statsministeren curlingkampen mellom Norge
og Italia, i Pinerolo.
Kl. 20.00 deltek statsministeren i Norges Idrettsforbund sin middag i Sestriere.
Laurdag 18. februar:
Kl. 09.45 følgjer statsministeren langrennsstafetten
for kvinner, i Pragelato.
Kl. 11.00 følgjer statsministeren super-G for menn, i Sestriere Borgata.
Kl. 12.30 følgjer statsministeren 10 km skiskyting jaktstart for kvinner, i San Sicario.
Kl. 14.30 følgjer statsministeren 12,5 km skiskyting jaktstart for menn, i San Sicario.
Kl. 18.00 følgjer statsministeren skihopping i storbakke, i Pragelato.
Sundag 19. februar:
Kl. 10.00 følgjer statsministeren langrennsstafett
for menn, i Pragelato
Kl. 12.30 gjestar statsministeren Sjømannskyrkja, i Pragelato. Deretter mogleg gjesting i den norske skiskyttarleiren i San Sicario.
Statsministeren reiser attende til Oslo om ettermiddagen.