Historisk arkiv

Priv. til red.: FN-panelet sitt møte i Oslo 31.08 - 01. 09

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr.: 109-06
Dato: 28-08-06

Priv. til red.:

FN-panelet sitt møte i Oslo 31. august-1. september

Frå torsdag morgon til fredag ettermiddag 1. september møtest FN sitt høgnivåpanel i Oslo, under leiing av statsminister Jens Stoltenberg, den pakistanske statsministeren Shaukat Aziz og den mosambikanske statsministeren Louisa Diogo. Panelet skal kome med framlegg til korleis FN kan styrke arbeidet i dei fattigaste landa.

Pressekontaktar er statssekretær Anne Odden, telefon 97 70 61 59 og kommunikasjonsrådgjevar Trude Måseide, telefon 95 72 65 10.

Pressefolk som ønskjer å dekkje møtet, må innan tysdag 29. august kl. 14.00 søkje akkreditering via Utanriksdepartementet sin presseseksjon: press@mfa.no.

Torsdag 31. august:
Kl. 09.00 opnar statsministeren panelmøtet i Gamle Logen i Oslo. Det er fotohøve for akkrediterte pressefolk ved innleiinga. NB: av omsyn til plassen kan berre ein akkreditert person – fotograf eller reportar – møte frå kvar redaksjon.
Kl. 19.30 kan ein pressepool arbeide innandørs under innleiinga til statsministeren sin middag i høve FN-panelmøtet i Oslo, i Vikingskipsmuséet. Norske deltakarar i poolen er ANB, NTB/Scanpix, NRK Fjernsynet eller TV2, Se og Hør.

Fredag 1. september:
Kl. 10.30 pressekonferanse for akkrediterte pressefolk, med statsministeren og dei to andre leiarane for FN sitt høgnivåpanel, i Gamle Logen i Oslo.

I fall det blir endringar i programmet vil SMK varsle dette på vår nettstad www.odin.dep.no/smk/