Historisk arkiv

Priv til red.: Statsministerens program veke 41

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr.: 134-06
Dato: 06.10.06

Priv til red.:

Statsministerens program veke 41

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i ukeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15 og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.

Tirsdag 10. oktober:
Kl. 13.00 tek statsministeren imot organisasjonen Voksne for Barn på Statsministerens kontor, i høve Verdsdagen for psykisk helse 2006. Presse kan vere til stades.

Fredag 13. oktober:
Om lag kl. 11.20 er statsministeren tilgjengeleg for pressefolk på Slottsplassen, i høve offentleggjeringa av Nobels fredspris 2006 kl. 11.00.

Måndag 16. oktober:
Kl. 11.00 deltek statsministeren saman med statsminister Tony Blair i den offisielle opninga av den norske gassrøyrleidninga til Storbritannia, Langeled, i London. Vertskap for opninga er Hydro. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar ved SMK Trude Måseide, telefon 95 72 65 10.

Eit utval norske redaksjonar er inviterte til sjølve opninga, som Hydro er vertskap for. Pressefolk som ynskjer å vere med på den etterfølgjande pressekonferansen kl. 11.45, med dei to statsministrane og Hydro sin sjef Eivind Reiten, må innan onsdag 11. oktober kl. 12.00 melde frå til Trude Måseide ( tm@smk.dep.no) eller til Vegar Stokset i Hydro ( vegar.stokset@hydro.com).