Historisk arkiv

Statsministerens program veke 47

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr.: 164-06
Dato: 17.11.06

Statsministerens program veke 47

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i ukeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15 og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.

Onsdag 22. november:
Kl. 13.30 talar statsministeren på møte i Nordens faglege samorganisasjon, på Holmenkollen Park Hotel i Oslo.

Om kvelden deler statsministeren ut Senter for Dansekunst sin ærespris 2006, i Den norske Opera i Oslo. Prisvinnaren er Anne Borg. Utdelinga finn stad på scenen rett etter Nasjonalballetten si førestilling "Mesteraften 2006".

Fredag 24. november:
Denne dagen er statsministeren i Helsingfors, i samband med toppmøtet EU-Russland. Pressekontakt er statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen, telefon 99 54 19 11.

Statsministeren reiser frå Oslo om føremiddagen.

Kl. 14.30 deltek statsministeren i EU-Russland-toppmøtet sin sesjon om den nordlege dimensjonen, i Ständerhuset i Helsingfors.

Kl. 15.30 deltek statsministeren i ein sams pressekonferanse med deltakarane i toppmøtet og møtet om den nordlege dimensjonen, i Stadshuset i Helsingfors.

Statsministeren reiser attende til Oslo same dagen.