Historisk arkiv

Frå statsministerens program veke 16

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Statsministerens kontor

Priv. til red.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15 og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.


Tysdag 17. april:
Kl. 16.15 tek statsministeren imot presidenten i Austerrike, Heinz Fischer, til samtale på Statsministerens kontor. Det er fotohøve idet dei to møtest. Etter samtalen, om lag kl. 16.45, er dei to tilgjengelege for pressefolk.
For oversyn over programmet for den austerrikske statsgjestinga i Noreg 17.-19. april, viser vi til Slottet.

Onsdag 18. april:
Kl. 09.00 har statsministeren pressefrukost i høve Arbeidarpartiet sitt landsmøte 19.-22. april, i Oslo Kongressenter Folkets Hus.
Kl. 13.00 er statsministeren vert for ein regjeringslunsj i høve statsgjestinga frå Austerrike, på Akershus Slott. Det er fotohøve i borggarden frå kl. 12.30.
Ein pressepool der norske deltakarar er ANB, NRK/Dagsrevyen eller TV2Nyhetene, NTB/Scanpix og Se og Hør, kan arbeide innandørs idet gjestene gjeng til bords.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 95 72 65 10.

Torsdag 19. april:
Frå kl. 13.00 leier statsministeren Arbeidarpartiet sitt landsmøte, i Oslo Kongressenter Folkets Hus.

Fredag 20. april:
Frå kl. 09.00 leier statsministeren Arbeidarpartiet sitt landsmøte, i Oslo Kongressenter Folkets Hus.


Laurdag 21. april:
Frå kl. 09.00 leier statsministeren Arbeidarpartiet sitt landsmøte, i Oslo Kongressenter Folkets Hus.

Sundag 22. april:
Frå kl. 09.00 leier statsministeren Arbeidarpartiet sitt landsmøte, i Oslo Kongressenter Folkets Hus.