Henning Henriksen ny ekspedisjonssjef ved Statsministerens kontor
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 95-07 | Dato: 24.08.2007
Avdelingsdirektør Henning Henriksen er i statsråd i dag utnemnd til ekspedisjonssjef i administrativ avdeling ved Statsministerens kontor.
Avdelingsdirektør Henning Henriksen er i statsråd i dag utnemnd til ekspedisjonssjef i administrativ avdeling ved Statsministerens kontor.
Ekspedisjonssjefen leier administrativ avdeling ved kontoret og har ansvaret for blant anna løns- og personalsaker, rekneskap og budsjett, IKT, drift og Regjeringa si bilteneste. Administrativ avdeling har også personalansvar for alle politikarane i departementa, og ansvaret for tryggleiken til regjeringsmedlemene.
Henning Henriksen er utdanna bedriftsøkonom og har erfaring frå mellom anna Forsvarets tele- og datateneste, Rikstrygdeverket og Skattedirektoratet og har dei sju siste åra vore avdelingsdirektør i administrativ avdeling ved Statsministerens kontor.