Historisk arkiv

Statsministerens program veke 9

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Statsministerens kontor

Priv. til red.:

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15 og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 27. februar
Kl. 11.00 skal statsministeren opne ei utstilling om FN sine tusenårsmål i utstillingslokala i R5. Statsministeren tek i mot barn frå Levre skule i Bærum og FN sin Tusenårsmålkampanje. Pressekontakt er politisk rådgjevar Mina Gerhardsen, tlf. 91852986.

Kl. 11.45 tek statsminister Jens Stoltenberg i mot vitjing av president Jakaya Mrisho Kikwete, Tanzania. Det er høve for foto ved starten av møtet og høve for pressa ved avslutninga av møtet. Pressekontakt er statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen, tlf. 99541911.

Kl. 19.00 er Jens Stoltenberg vert for president Kikwete på Akershus slott. Det er høve for foto i Borggården. Inne er det høve for foto for fotopool (Scanpix, ANB, eit norsk TV-team, Se og Hør, eit TV-team fra Tanzania og ein fotograf frå pressefylgjet frå Tanzania). Pressekontakt er fungerande kommunikasjonssjef Trude Måseide, tlf. 95 72 65 10.

Onsdag 28. februar
Kl. 13.00 statsminister Jens Stoltenberg har arbeidslunsj med Litauens statsminister i Gamle Logen. Det er høve for foto ved byrjinga av møtet. Pressekontakt er statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen, tlf. 99541911.

Torsdag 1. mars
Kl. 11.30 opnar Jens Stoltenberg Polaråret på Rådhusplassen i Oslo. Skuleklassar frå Oslo deltek på arrangementet. Forskningsrådet har meir informasjon om Polaråret. Pressekontakt for statsministeren er statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen, tlf. 99541911.

Kl. 18.00 deltek statsminister Stoltenberg på framsyning av den nye TV2-serien  ”Fortellinger om en statsminister” på Presseklubben. Pressekontakt er statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen, tlf. 99541911.

Laurdag 3. mars
Statsminister Jens Stoltenberg er på årsmøte i Hedmark Arbeiderparti. Møtet finn stad på Rica Hamar hotell. Pressekontakt er statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen, tlf. 99541911.