Statsministeren til Brasil og Chile:
– Markerer tett samarbeid om næringsliv, energi og klima
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 139/08 | Dato: 14.09.2008
Rio de Janeiro er første stopp på statsminister Jens Stoltenbergs besøk til Brasil og Chile. Reisa markerer det stadig tettare samarbeidet mellom Noreg og dei to latinamerikanske landa. Statsministeren skal vidare på besøk til Brasilia, Amazonas og Santiago de Chile.
Rio de Janeiro er første stopp på statsminister Jens Stoltenbergs besøk til Brasil og Chile. Reisa markerer det stadig tettare samarbeidet mellom Noreg og dei to latinamerikanske landa. Statsministeren skal vidare på besøk til Brasilia, Amazonas og Santiago de Chile.
– Besøket markerer at det blir stadig tettare band mellom landa våre. Regjeringa er oppteken av å leggja til rette for godt samarbeid både innan næringsliv og energi, og på den internasjonale arenaen mellom Noreg og høvesvis Brasil og Chile. Særlig klima og kamp mot fattigdom er viktige tema for det internasjonale samarbeidet vårt, seier statsminister Jens Stoltenberg.
Rio de Janeiro er sentrum for brasiliansk olje- og gassindustri. Det er gjort store olje- og gassfunn utanfor kysten av Brasil. Dei store moglegheitene som opnar seg, har gjort Brasil til eit viktig satsingsland for norske bedrifter. Noreg har ein sterk olje- og gassindustri og norske leverandørbedrifter er leiande i verda. I dag er fleire enn 100 norske bedrifter aktive i olje- og gassektoren i Brasil. I tillegg er norske bedrifter aktive på ei rekkje andre viktige område.
I Brasilia skal Stoltenberg møta Brasils president Luis Inacio Lula da Silva. På agendaen for møtet står ei rekkje store tema, blant anna klima- og miljøspørsmål, norske selskap sine moglegheiter på brasiliansk sokkel og kampen for barne- og mødrehelse i utviklingsland.
Frå Brasilia reiser statsministeren til Amazonas saman med den norske og den brasilianske miljøvernministeren. Dei skal sjå på Brasils arbeid for å kjempa mot avskoging i verdas største regnskog. Avskoging er ikkje berre ein trussel mot verdifullt biologisk mangfald og levekåra til dei som bur i Amazonas, men også ein stor bidragsytar til dei globale klimautsleppa. Redusert avskoging betyr reduserte utslepp av klimagassar. Difor er Noreg engasjert i dette arbeidet.
Frå Amazonas reiser statsministeren vidare til Chile, der han er invitert til å delta på nasjonaldagsfeiringa i Santiago de Chile. Besøket inkluderer også politiske samtalar med president Michelle Bachelet.