Diskuterte situasjonen i Zimbabwe
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 53/2008 | Dato: 18.04.2008
Statsminister Jens Stoltenberg møtte i dag opposisjonsleiaren i Zimbabwe, Morgan Tsvangirai. Stoltenberg oppfordra styresmaktene i Zimbabwe om snarast å offentleggjera resultata frå presidenvalet i landet.
Statsminister Jens Stoltenberg møtte i dag opposisjonsleiaren i Zimbabwe, Morgan Tsvangirai. Stoltenberg oppfordra styresmaktene i Zimbabwe om snarast å offentleggjera resultata frå presidenvalet i landet.
– Det er viktig å respektera grunnleggjande demokratiske prinsipp og snarast finna ei løysing på den kritiske situasjonen i landet, seier Stoltenberg.
Resultatet frå presidentvalet i Zimbabwe i slutten av mars er enno ikkje offentleggjort. Statsministeren vil også drøfta situasjonen i Zimbabwe med stats- og regjeringssjefar frå det sørlege Afrika på SADCs utviklingskonferanse (Southern African Development Community) på Mauritius i helga.
Morgan Tsvangirai og Jens Stoltenberg. Foto: SMK.
Noreg og Norden har spesielle band til Zimbabwe med si støtte til frigjeringskampen. Noreg bidrar i dag med midlar til styrking av demokrati, menneskerettar og det sivile samfunnet i Zimbabwe.
Stoltenberg møtte Tsvangirai i Johannesburg, rett etter møtet med Sør-Afrikas tidlegare president Nelson Mandela.