Priv. til red.:
Frå statsministerens program veke 38
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 137/08 | Dato: 12.09.2008
Statsminister Jens Stoltenberg er på reise i Latin-Amerika i veke 38. Viktige tema for besøket er klima, miljø, energi og næringslivssamarbeid.
Statsminister Jens Stoltenberg er på reise i Latin-Amerika i veke 38. Viktige tema for besøket er klima, miljø, energi og næringslivssamarbeid.
Søndag 14. september: Rio de Janeiro
Statsministeren deltek på ei mottaking i den skandinaviske kyrkja, der han møter det norske samfunnet i Rio de Janeiro.
Måndag 15. september: Rio de Janeiro
Statsministeren opnar eit norsk-brasiliansk offshoreseminar, besøkjer Aker Yards Promar og deltek på ein nettverkslunsj for norske bedrifter i Brasil og deira brasilianske partnarar. Han deltek dessutan på ei markering av norsk klippfisk, før han opnar den norske paviljongen på ei olje- og gassmesse (Rio Oil and Gas).
Tysdag 16. september: Brasilia
Statsministeren møter Brasils president og markerer 25-årsjubileet for norsk urfolksbistand i Brasil.
Onsdag 17. september: Santarém, Amazonas
Besøk til regnskogen i Amazonas saman med miljøvernministrane i Brasil og Noreg.
Torsdag 18. september: Santiago
Statsministeren møter Chiles president og deltek på nasjonaldagsfeiringa i Santiago.
Fredag 19. september: Santiago
Besøk til Allende-museet og deltaking på ei markering av FNs tusenårsmål.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.