Priv. til red.:
Program for forbundskanslar Angela Merkels besøk til Oslo 12. april
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 47/2008 | Dato: 08.04.2008
Politiske samtalar og norsk kultur står på programmet når Tysklands forbundskanslar Angela Merkel besøkjer Oslo laurdag 12. april.
Politiske samtalar og norsk kultur står på programmet når Tysklands forbundskanslar Angela Merkel besøkjer Oslo laurdag 12. april.
Kl. 15.15 tek statsministeren imot forbundskanslar Angela Merkel på Statsministerens kontor. Samarbeid i klima- og energispørsmål blir sentrale tema for møtet. Det er fotomoglegheit ved starten av møtet.
Kl. 16.25 besøkjer Jens Stoltenberg og Angela Merkel Munch-museet i Oslo. Det er fotomoglegheit når dei to kjem til museet (ute), og to fotopoolar innandørs. Pool 1 dekkjer besøket i restaureringssalen, og norske deltakarar er ANB, NRK/Dagsrevyen, Scanpix og TV2 Nyhetene. Pool 2 kan dekkja omvising i museet, og norsk deltakar er Scanpix.
Kl. 17.00 har statsministeren og forbundskanslar Angela Merkel pressekonferanse på Munch-museet.
Kl. 17.30 inviterer statsministeren forbundskanslaren på middag i Oslo rådhus.
På kvelden deltek statsministeren og forbundskanslar Angela Merkel på opninga av Operaen i Bjørvika. Dei kjem til Operaen kl. 19.30.
Forbundskanslar Merkel reiser tilbake til Berlin seint same kveld.
Presse som er interessert i besøket kan kontakta kommunikasjonssjef Trude Måseide på telefon 957 26 510 eller e-post: smkinfo@smk.dep.no.