Priv. til red.:
Statsminister Jens Stoltenberg til Bergen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 92/2008 | Dato: 18.06.2008
Statsminister Jens Stoltenberg og forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen besøkjer Bergen fredag 20. juni. Dei to startar på Haakonsvern og reiser deretter vidare til Bergen sentrum.
Statsminister Jens Stoltenberg og forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen besøkjer Bergen fredag 20. juni. Dei to startar på Haakonsvern og reiser deretter vidare til Bergen sentrum.
Statsministeren og forsvarsministeren kjem til Haakonsvern om lag kl. 09.00. Dei vil då gå om bord i et marinefartøy. Frå båten vil dei få orienteringar og bli vist nokre av anlegga på Haakonsvern, blant anna den nye tørrdokken som er under bygging. Båten fraktar deretter statsministeren og forsvarsministeren til Vågen i Bergen, der dei vil leggja til kai ved Zachariasbryggen om lag kl. 10.15.
Pressefolk som ønskjer å vera med på båtturen frå Haakonsvern til Bergen sentrum må melda seg på innan torsdag 19. juni kl. 13.00. Påmelding skjer til info@marinen.no eller til informasjonsrådgjevar Ragnhild Thornam, telefon 474 64 147. Av omsyn til tryggleiken om bord treng Marinen følgjande informasjon frå deltakande pressefolk: namn, relasjon, adresse og telefonnummer til næraste pårørande.
Me ber pressefolk om å møta opp utanfor porten på Haakonsvern kl. 08.30. Det er ikkje mogleg å parkera på marinebasen.
Me kjem tilbake med detaljane for programmet i Bergen sentrum.
Pressekontakt for statsministeren er statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen, telefon 995 41 911 og kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.
Pressekontakt på Haakonsvern er informasjonsrådgjevar Ragnhild Thornam, telefon 474 64 147.