Gratulerer den nye leiaren for FNs utviklingsprogram
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 51/09 | Dato: 01.04.2009
New Zealands tidlegare statsminister Helen Clark er utnemnd til ny leiar for FNs utviklingsprogram (UNDP). Clark blir den første kvinna som leier UNDP. Statsminister Jens Stoltenberg gratulerer Clark med utnemninga.
New Zealands tidlegare statsminister Helen Clark er utnemnd til ny leiar for FNs utviklingsprogram (UNDP). Clark blir den første kvinna som leier UNDP. Statsminister Jens Stoltenberg gratulerer Clark med utnemninga.
– Eg gratulerer deg med utnemninga som leiar for UNDP. Di erfaring og dine visjonar er nødvendig for å møta utfordringane og for å skapa konsensus og samarbeid. Noreg vil framleis vera ein sterk støttespelar for UNDPs arbeid, skriv statsministeren i sitt gratulasjonsbrev til Clark.
Helen Clark skal leia UNDP dei neste fire åra. Ho overtek etter tyrkiske Kemal Dervis, som hadde leiarjobben i UNDP fram til 1. mars. Les meir om utnemninga på UNDP sine nettsider.
UNDP er FNs største utviklingsorganisasjon. UNDP koordinerer FNs arbeid for å nå Tusenårsmåla og for å redusera fattigdomen i verda innan 2015. UNDP er ein viktig samarbeidspartnar for Noreg på område som er sentrale i norsk utviklingspolitikk, som godt styresett, miljø/klima og førebygging av kriser. Noreg er den største givaren til UNDP.
– UNDPs rolle er viktigare enn nokon gong tidlegare. Eg ønskjer deg lykke til i jobben, skriv Stoltenberg.
New Zealands tidlegare statsminister Helen Clark er utnemnd til ny leiar for FNs utviklingsprogram (UNDP). Clark blir den første kvinna som leier UNDP. Statsminister Jens Stoltenberg gratulerer Clark med utnemninga. Foto: Statsministerens kontor.