Priv. til red.:
Stoltenberg møter Zapatero 17. mai
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 72/09 | Dato: 12.05.2009
Statsminister Jens Stoltenberg møter Spanias statsminister Jose Luis Rodriguez Zapatero søndag 17. mai. Dei to skal delta på eit 17. mai-arrangement i byen Alfaz del Pi, nord for Alicante. Statsministrane vil også ha politiske samtalar under besøket i byen.

Stoltenberg skal feira 17. mai saman med nordmenn i Alicanteområdet i Spania. Det er 17. mai-komiteane i Alicanteområdet som har invitert statsministeren til å delta på feiringa av nasjonaldagen. Statsministerens program startar laurdag 16. mai og vert avslutta måndag 18. mai.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.