Statsministeren vitjar Hardanger
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Priv. til red.
Pressemelding | Nr: 125/10 | Dato: 24.09.2010
Statsminister Jens Stoltenberg vitjar Hardanger måndag 27. september 2010. Stoltenberg er innom kommunane Eidfjord, Ulvik, Granvin og Kvam, og skal blant anna ha eit møte med Hardangerrådet for å diskutera utbygginga frå Sima til Samnanger.

Statsministeren vitjar Hardanger saman med helse- og omsorgsminister Anne Grete Strøm-Erichsen og statssekretær Per Rune Henriksen i Olje- og energidepartementet.
Program:
Kl. 10.30: Besøk til kraftverket i Sima. Omvising i anlegget og orientering om BKKs analyse av kraftbehovet i bergensregionen.
Kl. 14.30: Møte med dei sju kommunane i Hardangerrådet og Samnanger kommune, på Mælandshagen i Granvin. Deretter blir det båttransport til Norheimsund, blant anna med orienteringar frå Statnett undervegs. Hardangerrådet er også med på båten. Presse kan delta på båtturen.
Kl. 17.00: Møte med representantar for Arbeidarpartiet i Hordaland. Stad: Sandven Hotell, Norheimsund.
Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510 og kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.