Priv. til red.:
Russlands president møter statsminister Jens Stoltenberg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 39/10 | Dato: 16.04.2010
Russlands president Dmitrij Medvedjev skal ha politiske samtalar med statsminister Jens Stoltenberg tysdag 27. april, i samband med presidentens statsbesøk til Noreg.
Russlands president Dmitrij Medvedjev skal ha politiske samtalar med statsminister Jens Stoltenberg tysdag 27. april, i samband med presidentens statsbesøk til Noreg.
Måndag 26. april:
Statsministeren og presidenten er til stades ved avslutninga av eit seminar med norsk og russisk næringsliv.
Tysdag 27. april:
Kl. 10.00 vil Stoltenberg og Medvedjev møtast for politiske samtalar på Statsministerens kontor, etterfulgt av ein pressekonferanse.
Seinare på dagen vil regjeringa halda ein lunsj for den russiske presidenten på Akershus Slott.
Me kjem tilbake med eit detaljert program.
Det vil vera mogleg for ein pool av fotografar å arbeida ved Medvedjevs ankomst til Statsministerens kontor (ute, når statsministeren tek imot) og ved starten av dei politiske samtalane tysdag 27. april.
Pressekonferansen vil bli sendt direkte på nett-TV på www.regjeringa.no. Det vil vera mogleg for nettmedier og andre å bruka desse bilda. Foto frå møtet vil også bli gjort tilgjengeleg på Flickr, til fri bruk. Videomateriale vil også bli gjort tilgjengeleg på Newsmarket.
Presse som ønskjer å dekka besøket vert bedne om å akkreditera seg til press@mfa.no innan 20. april kl. 12.00. Sjå pressemelding frå Utanriksdepartementet her.
Pressekontaktar ved Statsministerens kontor er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510 og kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.