Priv. til red.:
Statsministeren til Sør-Afrika, Australia og Antarktis
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 180/11 | Dato: 26.11.2011
Statsminister Jens Stoltenberg deltek på klimatoppmøtet i Durban i Sør-Afrika 7. desember. Deretter reiser han på offisielt besøk til Australia, før han markerer at det er 100 år sidan Roald Amundsen nådde Sørpolen.
Statsminister Jens Stoltenberg deltek på klimatoppmøtet i Durban i Sør-Afrika 7. desember 2011. Stoltenberg deltek på høgnivådelen av klimatoppmøtet, der han skal halda Noreg sitt hovudinnlegg. I tillegg skal han leia ein høgnivådiskusjon om klimafinansiering, saman med blant andre FNs generalsekretær Ban Ki-moon.
8. til 10. desember er statsministeren på offisielt besøk i Australia, der han blant anna skal ha politiske samtalar med Australias statsminister og delta på fleire arrangement med norsk og australsk næringsliv.
Frå 12. til 15. desember besøkjer statsministeren Sørpolen for å markera at det er 100 år sidan Roald Amundsen nådde polpunktet. Statsministeren vil framheva betydninga av Antarktis for å forstå dei globale klimaendringane, og i tillegg fokusera på dei alvorlege konsekvensane klimaendringane som skjer i Antarktis kan få for klimaet og havnivået globalt.
På veg heim frå Antarktis vil statsministeren stoppa i New Zealand for eit møte med New Zealands statsminister.
Pressekontakt for statsministerens reise til Sør-Afrika og Sørpolen er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.
Pressekontakt for statsministerens reise til Australia er kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.