Historisk arkiv

Priv. til red.:

Statsministeren til Trysil, Vågå og Årdal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Jens Stoltenberg besøkjer Trysil, Vågå og Årdal onsdag 18. mai 2011.

Statsminister Jens Stoltenberg besøkjer Trysil, Vågå og Årdal onsdag 18. mai 2011. Programmet ser foreløpig slik ut:

Trysil
Kl. 09.00: Statsministeren besøkjer sjukeheimen i Trysil, der han møter dei eldre og får ei orientering om oppussinga av sjukeheimen. Statsministeren møter deretter representantar for reiselivsnæringa i Trysil, for blant anna å diskutera utviklinga av heilårleg reiseliv.

Vågå
Kl. 12.45: Statsministeren står for den offisielle opninga av nye Vågåmo skule. Deretter møter han ordførarar og næringsliv frå Nord-Gudbrandsdalen for å diskutera lokalsamfunnsutvikling. Stad: Frivilligsentralen i Vågå.

Årdal
Kl. 15.45: Statsministeren møter elevar på Årdal vidaregåande skule, før han besøkjer Hydro og får ei omvising på teknologisenteret i Øvre Årdal. Statsministeren avsluttar besøket i Årdal med eit besøk til Utladalen Naturhus, der han får ei orientering om klargjeringa til turistsesongen.

Pressekontaktar er statssekretær Hans Kristian Amundsen, telefon 915 68 224 og kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.