Priv. til red.:
22. juli-utgreiing i Stortinget
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 99/12 | Dato: 27.08.2012
Tysdag 28. august vil statsminister Jens Stoltenberg og justis- og beredskapsminister Grete Faremo greia ut i Stortinget om regjeringa sitt vidare arbeid med rapporten frå 22. juli-kommisjonen. Møtet startar kl. 10.00.

Statsministeren varsla 13. august at han ville be stortingspresidenten om ei slik utgreiing i Stortinget.
Etter utgreiinga og den påfølgjande debatten i stortingssalen, vil statsministeren og justisministeren vera tilgjengelege for presse i Eidsvollsgalleriet.
Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Hans Kristian Amundsen, telefon 915 68 224 og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.
Møtet vil bli vist direkte på nett-tv på stortinget.no. Praktisk informasjon til pressefolk finn du på Stortinget.no.