Historisk arkiv

Endring blant statssekretærane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Statsministerens kontor

Konstituert statssekretær Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim er i statsråd utnemnd til statssekretær for statsråd Liv Signe Navarsete i Kommunal- og regionaldepartementet. Ho tek over etter statssekretær Hege Solbakken, som samstundes har fått avskjed i nåde. Endringane gjeld frå 19. oktober.

Kongen har i statsråd i dag utnemnd konstituert statssekretær Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim til statssekretær for statsråd Liv Signe Navarsete i Kommunal- og regionaldepartementet. Ho tek over etter statssekretær Hege Solbakken, som samstundes har fått avskjed i nåde.

Endringa gjeld frå 19. oktober 2012.

Regjeringa er utgått frå Arbeidarpartiet (Ap), Sosialistisk Venstreparti (SV) og Senterpartiet (Sp). Lista over statssekretærar ser frå 19. oktober slik ut:

For statsminister Jens Stoltenberg (Ap)
Rita Skjærvik (Ap)
Tor Brostigen (SV)
Erik Lahnstein (Sp)
Hans Kristian Amundsen (Ap) – permisjon frå 04.10.2012
Svein Fjellheim (Ap)
Snorre Wikstrøm (Ap) – permisjon frå 03.09.2012
Inger-Anne Ravlum (Ap)
Halvard Ingebrigtsen (Ap) – konstituert frå 24.09.2012
Sindre Fossum Beyer (Ap) – konstituert frå 04.10.2012

For miljøvernminister Bård Vegar Solhjell
(SV)
Henriette Westhrin (SV)
Ketil Raknes (SV)

For kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp)
Dag-Henrik Sandbakken (Sp)
Erlend Fuglum (Sp)
Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim (Sp)

For utanriksminister Espen Barth Eide (Ap)
Gry Larsen (Ap)
Torgeir Larsen (Ap)

For justis- og beredskapsminister Grete Faremo (Ap)
Astri Aas-Hansen (Ap)
Pål Lønseth (Ap)
Kristin Bergersen (Ap)

For finansminister Sigbjørn Johnsen (Ap)
Hilde Singsaas (Ap)
Kjetil Lund (Ap)
Roger Schjerva (SV)
Morten Søberg (Sp)

For nærings- og handelsminister Trond Giske (Ap)
Roger Ingebrigtsen (Ap)
Jeanette Iren Moen (Ap)
Halvard Ingebrigtsen (Ap) – permisjon frå 24.09.2012

For forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen
(Ap)
Eirik Øwre Thorshaug (Ap)

For helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre (Ap)
Robin Kåss (Ap)
Kjell Erik Øie (Ap)
Nina Tangnæs Grønvold (Ap)

For kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV)
Elisabet Dahle (SV)
Ragnhild Setsaas (SV)

For arbeidsminister Anniken Huitfeldt (Ap)
Jan-Erik Støstad (Ap)
Gina Lund (Ap)

For fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud
(Ap)
Tone-Helen Toften (Ap)
Ragnhild Vassvik Kalstad (Ap)

For fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen (Ap)
Kristine Gramstad (Ap)

For samferdselsminister Marit Arnstad (Sp)
Lars Erik Bartnes (Sp)
Geir Pollestad (Sp)

For olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp)
Per Rune Henriksen (Ap)
Ane Hansdatter Kismul (Sp)

For utviklingsminister Heikki Holmås (SV)
Arvinn Gadgil (SV)

For barne-, likestillings- og inkluderingsminister Inga Marte Thorkildsen (SV)
Ahmad Ghanizadeh (SV)
Kjetil Andreas Ostling (SV)

For landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp)
Harald Oskar Buttedahl (Sp)

For kulturminister Hadia Tajik (Ap)
Mina Gerhardsen (Ap)
Kjersti Stenseng (Ap)