Regjeringa si 75-årsgåve til kongeparet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 17/12 | Dato: 08.02.2012
Onsdag 15. februar overrekkjer regjeringa si gåve til kongeparet i samband med 75-årsdagane i 2012. Gåva frå regjeringa er fleire utstillingar som er basert på dei kongelege samlingane. Hovudutstillinga Kongelige reiser 1905-2005 skal visast på Kunstindustrimuseet i Oslo i perioden 16. februar til 26. august.
Onsdag 15. februar overrekkjer regjeringa si gåve til kongeparet i samband med 75-årsdagane i 2012. Gåva frå regjeringa er fleire utstillingar som er basert på dei kongelege samlingane. Hovudutstillinga Kongelige reiser 1905-2005 skal visast på Kunstindustrimuseet i Oslo i perioden 16. februar til 26. august.
Overrekkinga går føre seg på Kunstindustrimuseet i Oslo, med kongeparet og delar av kongefamilien til stades.
Priv. til red.:
Informasjon til presse som er interessert i å dekka arrangementet på Kunstindustrimuseet onsdag 15. februar:
Kl. 10.00: Pressevising av utstillinga og presentasjon av jubileumsboka som følgjer utstillingane. Kulturminister Anniken Huitfeldt er til stades, saman med kuratorane Widar Halén og Nina Høye. Pressefolk som vil delta på pressevisinga kan melda seg på til jean-yves.gallardo@nasjonalmuseet.no innan måndag 13. februar kl. 14.00.
Kl. 13.00: Statsminister Jens Stoltenberg overrekkjer regjeringa si gåve til kongeparet, på eit arrangement med inviterte gjestar i foajeen på Kunstindustrimuseet. Kongeparet vil deretter få ei omvising i utstillinga.
Ein begrensa pool av fotografar vil kunna jobba ved arrangementet i foajeen (NRK, Scanpix, ANB). NRK sin poolproduksjon vil også bli sendt direkte på nett-tv på regjeringa.no, og det vil vera mogleg for nettmedier å bruka desse bilda.
Når kongeparet blir vist rundt i utstillinga, er det plass til om lag 20 pressefolk. Me ber om at alle interesserte pressefolk melder frå til smkinfo@smk.dep.no innan måndag 13. februar kl. 14.00.
Kl. 15.30 er kulturminister Anniken Huitfeldt vert for eit arrangement i Kunstindustrimuseet, der andre inviterte gjestar får sjå utstillinga.
Les meir om utstillingane på http://denkongeligereise.no/.
Pressekontakt på Statsministerens kontor er kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.
Pressekontakt i Kulturdepartementet er kommunikasjonssjef Hanne Gjørtz,
telefon 957 55 213.
Pressekontakt ved Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design er avdelingsdirektør for kommunikasjon Jean-Yves Gallardo, telefon 992 89 629.