Priv. til red.:
Statsministeren til Hordaland og Rogaland
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 107/12 | Dato: 06.09.2012
Fredag 7. september besøkjer statsminister Jens Stoltenberg Hordaland og Rogaland. På Torsnes i Jondal deltek Stoltenberg på den offisielle opninga av Jondalstunnelen. I Rogaland besøkjer han hovudredningssentralen på Sola.
Fredag 7. september besøkjer statsminister Jens Stoltenberg Hordaland og Rogaland. På Torsnes i Jondal deltek Stoltenberg på den offisielle opninga av Jondalstunnelen. I Rogaland besøkjer han hovudredningssentralen på Sola.
Program for dagen:
Kl. 12.00: Statsministeren deltek på den offisielle opninga av Jondalstunnelen, på Torsnes i Jondal kommune. Veganlegget bind saman kommunane Jondal og Kvinnherad i Hardanger.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.
Kl. 15.30: Statsministeren besøkjer hovudredningssentralen på Sola, der han deltek i eit møte om beredskap og tryggleik i norsk petroleumsindustri. Deltakarar på møtet er hovudredningssentralen, Petroleumstilsynet og Statoil. Statsministeren får også ei omvising i operasjonssentralen.
Møtet er ope for pressefolk. Me ber om akkreditering til smkinfo@smk.dep.no innan kl. 11.00 fredag 7. september. Ein pool av pressefolk kan følgja med på omvisinga i operasjonssentralen.
Adresse: Hovudredningssentralen, Flyplassveien 190, Sola.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.