Priv. til red.
Statsministerens program veke 48
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 151/12 | Dato: 23.11.2012
Denen veka skal statsministeren mellom anna delta på ei markering ved tildeling av medaljar for edel dåd for innsats 22. juli 2011.
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Søndag 25. november
Kl. 13.15: Statsministeren er til stades under cupfinalen i fotball for menn på Ullevaal Stadion.
Pressekontakt er statssekretær Hans Kristian Amundsen, telefon 915 68 224.
Måndag 26. november
Kl. 15.15: Statsministeren deltek i Stortingets høyring om rapporten frå 22. juli-kommisjonen.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.
Kl. 18.00: Statsministeren deltek på ei markering ved tildeling av medaljar for edel dåd for innsats 22. juli 2011. Stad: Oslo rådhus.
Personar som har gjort ein helt spesiell innsats ved frivillig å utsetja seg sjølve for livsfare ved å redda andre, kan tildelast medaljen for edel dåd. Les meir om tildelinga av desse medaljane i pressemelding frå Nærings- og handelsdepartementet (15. juni 2012) og offisielt frå statsråd (28. september 2012).
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.
Tysdag 27. november
Kl. 10.00: Statsministeren er i Stortinget, i samband med finansdebatten.
Pressekontakt er statssekretær Hans Kristian Amundsen, telefon 915 68 224.
Onsdag 28. november
Statsministeren er på reise til Paris. Her skal han ha møte med den franske presidenten Francois Hollande. Han møter også den franske statsministeren Jean-Marc Ayrault.
Akkreditering: Det er ein fordel med fransk akkreditering eller akkreditering frå EU-institusjonane. Norsk presse som ikkje har dette bør akkreditere seg via den norske ambassaden i Paris. Dette kan gjerast på e-post til Rune Bjåstad: rbj@mfa.no.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510 og ministerråd Rune Bjåstad, telefon +33 7 86 27 73 39.
Fredag 30. november
Kl. 12.00: Statsminister Jens Stoltenberg møter Ukrainas statsminister Mykola Azarov til arbeidslunsj i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.
Det vil vera mogleg å fotografera ved starten av lunsjen. Etter lunsjen, om lag kl. 13.15, møter dei to statsministrane pressa, på same stad.
Me ber pressefolk om å akkreditera seg til smkinfo@smk.dep.no innan onsdag 28. november kl. 16.00.
På grunn av sikkerheitssjekk må fotografar som skal fotografera ved starten av lunsjen møta opp ved inngangen til Riddervoldsgate 2 seinast kl. 11.15. Pressefolk som berre skal delta på pressemøtet, kan møta opp kl. 12.30.
Azarov er i Noreg på offisielt besøk 29. og 30. november. Statsminister Jens Stoltenberg er vert for besøket. Sjå også tidligare priv. til red. for meir informasjon om Azarovs program.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.
Anna informasjon
Statsministerens halvårlege pressekonferanse blir i år onsdag 19. desember kl. 14.00. Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Riddervoldsgate 2.
Me ber om påmelding til smkinfo@smk.dep.no innan 14. desember. Meir informasjon vil komme seinare.