Priv. til red.:
Statsministerens program veke 9
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 25/2012 | Dato: 24.02.2012
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse måndag og torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Måndag 27. februar:
Kl. 12.00: Statsminister Jens Stoltenberg møter Qatars stats- og utanriksminister Sheikh Hamad Bin Jassim Jabr Al-Thani til arbeidslunsj, i statsministerbustaden i Inkognitogata 18. Utanriksminister Jonas Gahr Støre er også til stades på lunsjen. Tema for samtalane vil blant anna vera dei politiske omveltingane i Midtausten og Nord-Afrika, i tillegg til klima og energi.
Det er mogleg å fotografera ved starten av lunsjen. Oppmøte for fotografar seinast kl. 11.50. Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.
Kl. 13.20: Statsministrane er til stades når det skal signerast avtalar mellom Noreg og Qatar. Deretter blir det eit kort pressemøte med dei to. Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.
For fleire detaljar om programmet til Qatars stats- og utanriksminister, sjå pressemelding frå 24. februar 2012.
Kl. 14.00: Statsminister Jens Stoltenberg er til stades ved avdukinga av ein byste av Gro Harlem Brundtland, på Arbeidarpartiets kontor på Youngstorget.
Pressekontakt er politisk rådgjevar Sindre Fossum Beyer, telefon 909 92 078.
Tysdag 28. februar: Statsministeren besøkjer Trøndelag
Kl. 09.55: Statsministeren besøkjer Grova skisenter i Meråker der han deltek på skitrening saman med elevar frå Meråker vidaregåande skule. Trenarane er Frode Estil og Per Øyvind Torvik.
Kl. 11.05: Statsministeren held tale til elevar og lærarar i handballhallen på Meråker vidaregåande skule.
Kl. 13.20: Statsministeren besøkjer Norwegian Brain Centre ved NTNU i Trondheim. Statsministeren får omvising og føretar offisiell opning av senteret. Deretter talar han til studentar og tilsette ved NTNU.
Stad: Olav Kyrres gate 9
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.
Laurdag 3. mars:
Statsministeren deltek på årsmøtet i Rogaland Arbeidarparti, på Scandic hotell på Forus.
Pressekontakt er politisk rådgjevar Sindre Fossum Beyer, telefon 909 92 078.