Forbundskanslar Angela Merkel besøkjer Oslo
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 022/13 | Dato: 13.02.2013
Onsdag 20. februar tek statsminister Jens Stoltenberg imot Tysklands forbundskanslar Angela Merkel i Oslo. Dei to skal blant anna diskutera den økonomiske situasjonen i Europa og spørsmål knytt til energisektoren. Etter møtet er dei to tilgjengelege for pressefolk.

Samtalane går føre seg i regjeringa sitt representasjonsanlegg onsdag ettermiddag. Me kjem tilbake med eit meir detaljert program.
To grupper av fotografar kan arbeida ved ankomst og ved starten av møtet. Same fotograf kan ikkje vera i begge gruppene. Deltakarar frå norsk side:
Fotopool 1: NRK, TV2, NTB Scanpix og ANB kan arbeida ved ankomst (ute)
Fotopool 2: NRK, TV2, NTB Scanpix og ANB kan arbeida ved starten av møtet (inne)
Pressefolk som ønskjer å dekka besøket må søkja om akkreditering til Utanriksdepartementet på press@mfa.no innan fredag 15. februar kl. 10.00.
Pressekontaktar er kommunikasjonsrådgjevar Tor Borgersen, telefon 909 38 987 og kommunikasjonsrådgjevar Camilla Ryste, telefon 482 13 216.