Priv. til red.:
Møte med Myanmars president 26. februar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 029/13 | Dato: 22.02.2013
Myanmars president Thein Sein er på offisielt besøk i Noreg 26.-28. februar. Statsminister Jens Stoltenberg møter presidenten og er vert for en middag på Akershus slott.
Myanmars president Thein Sein er på offisielt besøk i Noreg 26.-28. februar. Statsminister Jens Stoltenberg møter presidenten og er vert for en middag på Akershus slott.
Kl. 15.00: Statsminister Jens Stoltenberg møter Myanmars president Thein Sein til politiske samtalar. Presidenten er på offisielt besøk i Noreg 26.-28. februar.
Samtalane med statsministeren går føre seg i statsministerbustaden i Inkognitogata 18.
To grupper av akkrediterte fotografar kan arbeida ved ankomst og ved starten av møtet. Same fotograf kan ikkje vera i begge gruppene. Deltakarar frå norsk side:
Fotopool 1: NRK/TV2, NTB Scanpix og ANB kan arbeida ved ankomst (ute)
Fotopool 2: NRK/TV2, NTB Scanpix og ANB kan arbeida ved starten av møtet (inne)
Oppmøte for fotografar i foto-pool kl. 14.00, ved inngangen i Riddervoldsgate 2.
Etter møtet, om lag kl. 16.00, møter statsministeren og presidenten pressa. Pressekonferansen vert overført på nett-tv på regjeringa.no.
Akkrediterte pressefolk som skal delta på pressekonferansen må møta opp mellom 14.30 og 15.00, ved inngangen i Riddervoldsgate 2.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.
Kl. 19.00: Statsministeren er vert for ein middag for president Thein Sein på Akershus slott. Akkrediterte pressefolk kan arbeida ute når gjestane kjem til Akershus slott, frå kl. 18.30. Ein fotopool (norske deltakarar: Scanpix, ANB, NRK/TV2, Se og Hør) kan arbeida inne medan gjestane går til bords.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.