Priv. til red.:
Statsministerens program veke 19
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 61/2013 | Dato: 03.05.2013
8. mai deltek statsministeren på markeringa av frigjeringsdagen og nasjonal veterandag på Akershus festning.
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Onsdag 8. mai
Kl. 08.30: Statsministeren møter NATOs generalsekretær Anders Fogh Rasmussen til frukostmøte, i statsministerbustaden i Inkognitogata 18. Tema for samtalane er mellom anna NATO, Nordområda og internasjonale spørsmål.
Det er mogleg å fotografera ved oppstarten av møtet, for ein pool av fotografar (NRK, TV2, Scanpix, ANB). Oppmøte for pooldeltakarar ved inngangen til Riddervoldsgate 2 kl. 08.00.
Etter møtet, om lag kl. 09.15, er det pressemøte med Stoltenberg og Fogh Rasmussen. Oppmøte for pressefolk ved inngangen til Riddervoldsgate 2 kl. 08.30. Sjå eiga pressemelding for heile programmet til NATOs generalsekretær.
Kl. 09.45: Statsministeren taler på markeringa av frigjeringsdagen og nasjonal veterandag på Akershus festning. Statsministeren er til stades når kong Harald V legg ned krans ved nasjonalmonumentet og overrekkjer Krigskors med sverd til løytnant Lars Kristian Lauritzen og major (m) Kristian Bergh Stang. Sjå eiga pressemelding om tildeling av dekorasjonar og oversikt over lokale arrangement i heile landet.
Kl. 12.00: Statsministeren er vert for ein lunsj på Akershus slott for dei som har fått dekorasjonar og deira næraste. Det er mogleg å fotografera før lunsjen for ein pool av fotografar (NRK, TV2, Scanpix, ANB).
Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510 og kommunikasjonsrådgjevar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.