Priv. til red.:
Statsministerens program veke 30
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 90/2013 | Dato: 18.07.2013
Neste veke deltek statsminister Jens Stoltenberg på fleire arrangement som markerer toårsdagen for angrepa på regjeringskvartalet og Utøya. I tillegg besøkjer han Prøysenfestivalen 2013 og opnar "Spelet om Heilag Olav" på Stiklestad.
Måndag 22. juli:
Statsminister Jens Stoltenberg deltek på fleire arrangement som markerer toårsdagen for angrepa på regjeringskvartalet og Utøya. Sjå eiga pressemelding med programmet for dagen.
Pressekontaktar er statssekretær Hans Kristian Amundsen, telefon 915 68 224 og kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.
Tysdag 23. juli:
Kl. 0940: Statsminister Jens Stoltenberg besøkjer det nye nødetatsbygget i Gran, eit felles bygg for Gran og Lunner lensmannskontor og Gran og Lunner interkommunale brannvesen. Felles ambulanse og legevakt for dei to kommunane held også til her.
Stad: Søndre Morstad vei 3, 2750 Gran. Pressekontakt er statssekretær Hans Kristian Amundsen, telefon 915 68 224.
Kl. 13.00: Statsminister Jens Stoltenberg besøkjer Prøysenfestivalen 2013, der han skal leggja ned grunnsteinen for det nye Prøysenhuset. Statsministeren får også ei omvising i Prøysenstua.
Arrangementet går føre seg ved Prøysenstua i Præstvegen i Ringsaker kommune.
Pressekontaktar er statssekretær Hans Kristian Amundsen, telefon 915 68 224 og kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.
Torsdag 25. juli:
Statsminister Jens Stoltenberg står for den offisielle opninga av «Spelet om Heilag Olav» på Stiklestad Nasjonale Kultursenter i Verdal.
Pressekontaktar er statssekretær Hans Kristian Amundsen, telefon 915 68 224 og seniorrådgjevar Øivind Østang, telefon 913 46 470.