Video: Nye tiltak for å dempa verknadene av finanskrisa
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Statsministerens kontor
Lyd og bilde | Dato: 10.02.2009
– Regjeringa har lagt fram nye tiltak for å dempa verknadene av den internasjonale finanskrisa på norsk økonomi, seier statsminister Jens Stoltenberg i denne videoen.
– Regjeringa har lagt fram nye tiltak for å dempa verknadene av den internasjonale finanskrisa på norsk økonomi. Me foreslår å etablera to nye fond med ein samla kapital på 100 milliardar kroner, seier statsminister Jens Stoltenberg.
Video: Regjeringa.no
Dei to fonda skal gjera det enklare for bedrifter og hushald å få tilgang til lån og bidra til å stabilisera finansmarknaden.
– Me har sett i verk mange tiltak. Målet er å gjera det me kan for å tryggja norske arbeidsplassar og norsk økonomi, seier Stoltenberg.
Statens finansfond
Regjeringa foreslår å etablera Statsens finansfond med ein kapital på 50 milliardar kroner. Statens finansfond blir ein eigen institusjon. Bankane er solide i dag, men har behov for å styrkja kjernekapitaldekninga for å møta svakare konjunkturar og styrkja konkurransekrafta. I ein situasjon med svikt i finansmaknadane bør staten bidra med kapital for å styrkja bankane og setja bankane betre i stand til å oppretthalda normal utlånsverksemd. Kjernekapital på 50 milliardar kroner kan isolert sett tilsvara ei utlånsevne på 400-500 milliardar kroner.
Statens obligasjonsfond
I tillegg foreslår regjeringa å etablera Statens obligasjonsfond med ein kapital på 50 milliardar kroner. Det bidrar til at bedriftene kan henta finansiering ikkje berre direkte frå bankane, men også i ein styrkt obligasjonsmarknad. Statens obligasjonsfond skal forvaltast av Folketrygdfondet.