Historisk arkiv

Video: Tildeling av samhandlingsmidlar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Statsministerens kontor

Statsminister Jens Stoltenberg og helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen besøkte i dag Rolvsrudhjemmet i Lørenskog, i samband med at 111 prosjekt over heile landet får totalt 73 millionar kroner til samhandling i helsevesenet.

 

Regjeringa etablerte i år ei tilskotsordning der kommunar kunne søkja om støtte til utbygging av lokalmedisinske senter og samarbeid om helse- og omsorgstenester. Det er sett av totalt 73 millionar kroner til samhandlingsprosjekt i heile landet. 66,7 millionar kroner vert fordelt no. Resten vert fordelt seinare i år.

Lørenskog kommune og seks andre Akershus-kommunar har fått støtte til eit prosjekt med mobile røntgentenester. Prosjektet er eit samarbeid med Akershus Universitetssykehus.

Les meir om tildelinga til samhandlingsprosjekta.

Sjå foto frå besøket på Flickr.