Historisk arkiv

Finansiering av klimatiltak, London

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Stad:

Statsministeren deltek på det første møtet i FNs høgnivågruppe om finansiering av klimatiltak i fattige land. Gruppa vart nyleg oppretta av FNs generalsekretær og skal arbeida for å mobilisera dei ressursane som vart lovde på klimatoppmøtet i København. Møtet startar kl. 14.30, lokal tid. Møtet går føre seg i Downing street nr. 10. Statsminister Jens Stoltenberg vil vera tilgjengeleg for pressefolk utanfor Downing street frå kl. 14.00.

Statsministeren deltek på det første møtet i FNs høgnivågruppe om finansiering av klimatiltak i fattige land. Gruppa vart nyleg oppretta av FNs generalsekretær og skal arbeida for å mobilisera dei ressursane som vart lovde på klimatoppmøtet i København. Møtet startar kl. 14.30, lokal tid.

Møtet går føre seg i Downing street nr. 10.
Statsminister Jens Stoltenberg vil vera tilgjengeleg for pressefolk utanfor Downing street frå kl. 14.00.

Blant deltakarane på møtet er FNs generalsekretær Ban Ki-moon, Storbritannias statsminister Gordon Brown og Etiopias statsminister Meles Zenawi. Les meir om høgnivågruppa her.

Pressekontaktar er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510 og ekspedisjonssjef Ingvard Havnen, telefon 954 68 383.