Utviklingsminister Solheim møter LTTE sin sjefsforhandlar, Anton Balasingham
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 28.03.2006 | Sist oppdatert: 11.11.2006
Dei to vil mellom anna drøfte garantiane frå felleserklæringa i Genève tidlegare i år. (28.03.06)
Pressemelding
Nr.: 42/06
Dato: 28.03.06
Utviklingsminister Solheim møter LTTE sin sjefsforhandlar, Anton Balasingham
Utviklingsminister Solheim møter dei tamilske tigrane (LTTE) sin sjefsforhandlar, Anton Balasingham, i London 29. mars d.å. for å diskutere fredsprosessen i Sri Lanka. Dei vil drøfte gjennomføringa av garantiane styresmaktene i Sri Lanka og LTTE gav i felleserklæringa i Genève (22.-23.2.06) då dei møttes for å diskutere implementeringa av våpenkvileavtalen. Solheim og Balasingham vil òg gjennomgå problemstillingar tilknytt neste runde av samtalane.
Pressekontakt: Informasjonssjef Espen Gullikstad, +47 91 70 81 22