Føresegn om særlege tiltak mot Usbekistan
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Nyheit | Dato: 28.04.2006 | Sist oppdatert: 04.10.2006
Regjeringa har i dag vedteke ei føresegn om særlege tiltak mot Usbekistan.
Føresegna inneheld:
- forbod mot eksport av våpen og tilknytta materiell
- forbod mot finansiering og fagleg hjelp knytta til militært materiell og militære aktivitetar
- forbod mot eksport av utstyr som kan nyttast til nasjonal undertrykking
I tillegg vert det gjennomført reiserestriksjonar mot 12 navngitte personar som er knytta til regimet i Usbekistan.
Bakgrunnen for tiltaka er dei omfattande, uforholdsmessige og vilkårlege væpna åtaka av dei usbekiske sikkerhetsstyrkane på demonstrantar under oppstanden i byen Andisjan i mai 2005, og avslaget til styresmaktene på FNs oppfordring om ei internasjonal uavhengig gransking.
Noreg har dermed iverksett dei same tiltaka mot Usbekistan som EU, tiltak som Noreg og ei rekkje andre europeiske land har slutta opp om.
Brot på føresegna kan føre med seg straff.
Føresegna tek til å gjelde straks, og vil om kort tid vere tilgjengeleg på Lovdata.