Historisk arkiv

Journaliststipend i tilknyting til utviklingsministeren si reise til Sør-Amerika 14.-22. august

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utviklingsministeren reiser 14.-22. august til Brasil og Bolivia for å lære meir om situasjonen i landa og for å undersøkje i kva grad Noreg kan bli ein relevant samarbeidspartnar. Utanriksdepartementet lyser ut inntil fem pressestipend for journalistar som ønskjer å delta på reisa. (07.07.06)

Journaliststipend i tilknyting til utviklingsministeren si reise til Sør-Amerika 14.-22. august

Utviklingsminister Erik Solheim tok i januar i år initiativ til at å nedsette ei arbeidsgruppe som skulle utarbeide forslag til innrettinga av eit utvida samarbeid med land i Latin-Amerika. Arbeidsgruppa viser i rapporten sin til at den aktuelle politiske situasjonen i Sør-Amerika opnar opp for eit historisk høve for sosial utjamning og stabilisering av demokratiet. I forlenginga av dette, reiser Utviklingsministeren 14.-22. august til Brasil og Bolivia for å lære meir om situasjonen i landa og for å undersøkje i kva grad Noreg kan bli ein relevant samarbeidspartnar.

Utanriksdepartementet lyser ut inntil fem pressestipend à inntil kroner 25 000,- for journalistar som ønskjer å delta på reisa.

Søknaden bør innehalde ein utfyllande plan for reisa, inkludert temaval og publiseringskanalar. Det skal ikkje fyllast ut søknadsskjema.

Det må sendast inn rapport frå reportasjereisa, rekneskap med vedlagte kvitteringar og kopi av skriftleg publisert materiale.

Søknaden kan sendast til:

Utanriksdepartementet
Informasjonsseksjonen
Postboks 8114 Dep.
0032 OSLO

E-postadresse: press@mfa.no

Søknadsfrist: 9. august 2006

Kontaktpersonar:
Fung. informasjonssjef Odd Naustdal, ona@mfa.no / 22243012 / 91149490
eller informasjonsrådgjevar Marte Lid, mlid@mfa.no / 22243944 / 91650528

Vedlegg: