Historisk arkiv

Opposisjonsleiar Ranil Wickremesinghe frå Sri Lanka vitjar Noreg 12.-15. mars 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Utenriksdepartementet

Solheim og Wickremesinghe vil vere tilgjengelege for fotografering i etterkant av møtet, om lag klokka 16 i dag på utviklingsministeren sitt kontor. (13.03.06)

Priv. til red.


Dato: 13.03.06

Opposisjonsleiar Ranil Wickremesinghe frå Sri Lanka vitjar Noreg 12.-15. mars 2006

Opposisjonsleiar Ranil Wickremesinghe frå Sri Lanka gjestar Noreg for å ha samtalar med Noreg som tilretteleggar for fredsprosessen i Sri Lanka. Wickremesinghe vil mellom anna møte utviklingsminister Erik Solheim og politiske leiarar på Stortinget.

Wickremesinghe var statsminister då partane til konflikten i Sri Lanka, styresmaktene og dei tamilske tigrane (LTTE), møttes for seks direkte forhandlingsrundar i perioden 2002-03.

Solheim og Wickremesinghe vil vere tilgjengelege for fotografering i etterkant av møtet, om lag klokka 16 i dag på utviklingsministeren sitt kontor.

Pressekontakt: Informasjonsrådgjevar Odd Naustdal, mobil 91149490