Historisk arkiv

Solheim og Tibaijuka opnar seminar om fattiges bruks- og eigedomsrettar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

23. mars opnar utviklingsminister Erik Solheim og UN-HABITATs eksekutivdirektør Anna K. Tibaijuka Utanriksdepartementet og Statens kartverk sitt seminar om den nye høgnivåkommisjonen for styrking av fattiges bruks- og eigedomsrettar. (21.03.06)

Priv. til red


Dato: 21.03.06

Solheim og Tibaijuka opnar seminar om fattiges bruks- og eigedomsrettar

Torsdag 23. mars kl. 09.00 opnar utviklingsminister Erik Solheim og UN-HABITATs eksekutivdirektør Anna K. Tibaijuka Utanriksdepartementet og Statens kartverk sitt seminar om den nye høgnivåkommisjonen for styrking av fattiges bruks- og eigedomsrettar. Seminaret finn stad på Vettre Hotell i Asker. Seminaret vert etterfølgt av eit møte i UN-HABITATs globale nettverk for landspørsmål.

På seminaret vil det komme innleiarar frå ulike forskingsinstitusjonar. I tillegg kjem dei to nordiske medlemmane av høgnivåkommisjonen, tidlegare utviklingsminister Hilde Frafjord Johnson og tidlegare finansminister i Sverige, Allan Larsson.

Fredag 24. mars kl. 10.00 skal Tibaijuka og Solheim ha eit møte i Utanriksdepartementet. Som eksekutivdirektør i UN-HABITAT, er Tibaijuka øvst rangerte kvinne i FN-systemet. Ho er mellom anna kjent for at ho i fjor tok eit oppgjer med president Mugabe si slumrasering i Zimbabwe. Tibaijuka og Solheim vil vere tilgjengelege for media i etterkant av møtet, om lag kl. 10.45.

Pressekontakt: Informasjonsrådgjevar Odd Naustdal, mobil 91 14 94 90.

For påmelding og spørsmål om konferansen: Jon-Andreas Solberg: joas@mfa.no/22 24 32 09.

Ytterlegare informasjon om høgnivåkommisjonen og UN-HABITAT: