Møte i den internasjonale kontaktgruppa for Somalia
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Nyheit | Dato: 05.02.2008 | Sist oppdatert: 28.04.2008
Den afrikanske union (AU) var 30. januar vertskap for eit møte i den internasjonale kontaktgruppa for Somalia (ICG) i Addis Abeba, i tilknyting til toppmøtet i Den afrikanske union (AU).
Den afrikanske union (AU) var 30. januar vertskap for eit møte i den internasjonale kontaktgruppa for Somalia (ICG) i Addis Abeba, i tilknyting til AUs toppmøte.
Møtet i den internasjonale kontaktgruppa for Somalia vart leia av USA og Noreg som medformenn, ved høvesvis Assistant Secretary Jendayi Frazer, og ambassadør Kjell Harald Dalen. Statsminister i den somaliske overgangsregjeringa (TFG), Nur "Adde" Hassan Hussein, la fram regjeringa sine prioritetar, med særleg vekt på konsultasjonar med alle somaliske grupper. Bodskapen vart positivt motteken av ICG-medlemmene. ICG gav også støtte til AU sitt arbeid med Somalia, inkludert innsatsen for å få på plass ein fullverdig styrke i regiav African Union Mission to Somalia (Amisom).