Manglande tryggleik forverrar den humanitære krisa i Somalia
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Nyheit | Dato: 24.09.2008
- Betring i tryggingssituasjonen er avgjerande for å få inn naudhjelp. I dag gjer vegsperringar, kidnappingar, plyndring og drap at Somalia er ein av dei vanskelegaste og farlegaste stadene i verda å driva naudhjelpsarbeid, seier statssekretær Raymond Johansen i Utanriksdepartementet.
Somalia er i dag ei av verdas mest alvorlege humanitære kriser. Meir enn 3, 2 millionar menneske treng akutt naudhjelp og over ein million menneske er på flukt.
- Betring i tryggingssituasjonen er avgjerande for å få inn naudhjelp. I dag gjer vegsperringar, kidnappingar, plyndring og drap at Somalia er ein av dei vanskelegaste og farlegaste stadene i verda å driva naudhjelpsarbeid, seier statssekretær Raymond Johansen i Utanriksdepartementet.
Statssekretær Johansen møtte måndag FNs spesialrepresentant for Somalia, Ahmedou Ould-Abdallah, under FNs generalforsamling i New York. Blant spørsmåla dei to diskutera var den avtalen som overgangsregjeringa og opposisjonsgruppa ARS (Alliance for the Re-liberation of Somalia) nyleg underteikna i Djibouti.
- Tryggleik og tilgang for dei humanitære aktørane må få høg prioritering i gjennomføringa av avtalen. Vi kan berre håpe partane klarar å omsetja den politiske semja frå Djibouti til ei reell våpenkvile på bakken. Så snart me ser ein positiv utvikling på bakken må det internasjonale samfunnet få fortgang i arbeidet med ein stabiliserande styrke for Somalia, seier Johansen. Det vil kunna opna for at Etiopia kan trekkja seg ut, og vil vonleg minska spenninga mellom dei ulike gruppene i Somalia.
Tysdag 16. september møttest Den internasjonale kontaktgruppa for Somalia (ICG) i Djibouti. Noreg og USA starta gruppa i 2006, og dette var det første møtet under FNs spesialrepresentant si leiing. Ei hovudsak under møtet var oppfølginga av Djibouti-avtalen. Noreg har øyremerka 5 millionar kroner av støtta til Somalia til oppfølging av avtalen. Den samla bistanden i 2008 vil vera på meir enn 270 millionar kroner. Av dette er 180 millionar kroner naudhjelp.