Regionalt samarbeid med Afghanistan
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Nyheit | Dato: 14.06.2012
Det andre ministermøtet i Istanbul-prosessen om regionalt samarbeid med Afghanistan fann stad i Kabul 14. juni. Frå norsk side deltok statssekretær Torgeir Larsen. – Tettare regionalt samarbeid er avgjerande for Afghanistan si framtid. Utviklinga har allereie komme lenger enn vi håpa for kort tid tilbake, seier statssekretær Larsen.
Det andre ministermøtet i Istanbul-prosessen om regionalt samarbeid med Afghanistan fann stad i Kabul 14. juni. Frå norsk side deltok statssekretær Torgeir Larsen. – Tettare regionalt samarbeid er avgjerande for Afghanistan si framtid. Utviklinga har allereie komme lenger enn vi håpa for kort tid tilbake, seier statssekretær Larsen.
(I Kabul: Afghanistans president, Karzai, åpner Istanbul-
konferansen om Afghanistan. Foto: Afghanistan Presidential Palace)
Den 14. juni deltok statssekretær Torgeir Larsen på eit utanriksministermøte om regionalt samarbeid med Afghanistan i Kabul. President Karzai opna møtet. På møtet vart det vedteke at det skal gjennomførast halvårlege politiske konsultasjonar mellom samarbeidslanda. Det vart også semje om sju tillitsskapande tiltak som gjeld mellom anna tryggleik, økonomi og kultur. Landa forpliktar seg til å iverksetja felles-prosjekt i og rundt Afghanistan, og helst grenseoverskridande prosjekt med fleire land involverte.
- Noreg støttar den regionale prosessen for Afghanistan og vi vil delta i fleire konkrete samarbeidsprosjekt for å støtte opp om denne prosessen, seier Larsen.
Noreg stør denne prosessen og ser på desse tiltaka som eit godt og konkret tilskot til arbeidet for stabilitet og utvikling i Afghanistan. Norske styresmakter vil vurdera å delta i ulike konkrete samarbeidsprosjekt, seier Larsen
Grunnlaget for eit utvida regionalt samarbeid med Afghanistan vart lagt i Istanbul 2. november i fjor med ei fråsegn om nytt samarbeid mellom ”Heart of Asia”-landa, 15 granneland i regionen rundt Afghanistan, ”Istanbul-prosessen om regional tryggleik og samarbeid for eit sikkert og stabilt Afghanistan”. Ei rekkje andre land deltek saman med ni internasjonale organisasjonar. Tyrkia har vore pådrivar for samarbeidet, og Noreg har vore tilretteleggjar og støttespelar.
Statssekretær Larsen hadde også fleire bilaterale politiske møte under vitjinga. Hovudtema var norsk-afghansk samarbeid og internasjonalt engasjement i tida fram mot og etter 2014.