Historisk arkiv

Rettferdig fordeling på New York University

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

-Den amerikanske draumen lever godt i Noreg, men er døande i USA, sa utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås i eit foredrag på New York-universitetet 16. april. Utviklingsministeren møtte studentar frå det prestisjetunge universitetet for å diskutere rettferdig fordeling.

Utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås møter studentar ved New York University

Utviklingsminiser Heikki Eidsvoll Holmås taler til studentar i New York. (Kjersti Mosli, FN-delelegasjonen i New York)

 -Den amerikanske draumen  lever godt i Noreg,  men er døande i USA, sa utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås i eit foredrag på New York-universitetet 16. april. Utviklingsministeren møtte studentar frå det prestisjetunge universitetet for å diskutere rettferdig fordeling.

 

Holmås viste til den nordiske modellen som kombinerer buisness-venleg økonomi med rettferdig fordeling, retten til velferd, samarbeid mellom partane i arbeidslivet og ikkje minst kvinner i yrkeslivet, som no utgjer 80 prosent av den  norske arbeidsstokken.

- Kall det gjerne den nordiske draumen, sa bergenseren Holmås og viste til at det beste ved Noreg ikkje er bryggen i Bergen, men at landet har små inntektsforskjellar, gode velferdsordningar og eit rettferdig skattesystem.

- La oss snakke om skattar, og kva dei kan gjera for utvikling og for demokrati. Skattepolitikken er avgjerande, men folk må føle at dei får noko igjen. At pengane ikkje går til ein maktelite som vil berike seg sjølv, sa utviklingsministeren.

-Er ikkje dette å blande seg inn i andre lands politikk, blei det spurt frå salen.

-Sjølvsagt, sa Holmås. -Som all bistand er innblanding i andre lands politikk og prioritering. Likevel har eg ikkje tru på at vi kan tvinge land til å gjera noko anna enn dei vil, men vi kan støtte dei som viser vilje til ein politikk som kjem alle tilgode, og som legg vekt på menneskerettar og demokrati.

Ein annan student lura på korleis Noreg vil påvirke utforminga av dei nye Tusenårsmåla for ei betre verd. Holmås meinte at eit mål om ulikskap er heilt avgjerande. Ulikskap i inntekt og ulikskap i levekår.

- Det må lagast verktøy for å måle denne ulikskapen og mål for å gjere noko med han, sa utviklingsministeren, og la til at Noreg gjerne tar eit medansvar for å leie denne prosessen, men at det er utviklingslanda som må sitje i førarsetet.

- Noreg vil ta initiativ til ei vennegruppe som skal jobbe saman for å få ulikskap og rettferdig fordeling inn som eit nytt mål for å gjera verda betre, sa Heikki Eidsvoll Holmås til studentane i New York.