Historisk arkiv

Kampen mot menneskehandel må prioriterast

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Det hastar å gjere noko i den globale kampen mot menneskehandel, sa utanriksminister Jonas Gahr Støre i talen til ministermøtet i OSSE i Ljubljana 6. desember. Han understreka at dette er ein av dei verste forbrytelsane vi ser i dag. (07.12)

Pressemelding

Nr.: 214/05
Dato: 06.12.2005

Kampen mot menneskehandel må prioriterast

Det hastar å gjere noko i den globale kampen mot menneskehandel, sa utanriksminister Jonas Gahr Støre i talen til ministermøtet i OSSE i Ljubljana tysdag. Han understreka at dette er ein av dei verste forbrytelsane vi ser i dag, og at kampen mot menneskehandel må prioriterast.

Kriminelle nettverk utnyttar fattige menneske på søken etter eit betre liv. Her blir det viktig kva OSSE bestemmer seg for. Men konkrete tiltak i kvart deltakarland vil vere det avgjerande, sa utanriksministeren.

Dessverre aukar menneskehandelen i omfang i samband med fredsbevarande operasjonar. Utanriksminister Støre sa i talen at det er naudsynt å samarbeide spesielt med NATO, EU og FN, for å kjempe imot dette ondet. Det krevast ei felles tilnærming for å sikre at internasjonale styrkar ikkje er med på å auke etterspurnaden i menneskehandelen.