Historisk arkiv

Noreg oppmodar Eritrea om å samarbeide med FN

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

- Vi er særs urolege over den siste utviklinga i grensekonflikta mellom Etiopia og Eritrea, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre. (09.12)

Pressemelding

Nr.: 218/05
Dato: 08.12.2005

Noreg oppmodar Eritrea om å samarbeide med FN

- Vi er særs urolege over den siste utviklinga i grensekonflikta mellom Etiopia og Eritrea, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.

Eritrea har bedt alt vestleg personell i den FN-leia fredsbevarande operasjonen om å forlate landet innan 10 dagar. Dette kan føre til ein ytterlegare spent situasjon i grenseområda mellom Etiopia og Eritrea og er ein trussel mot freden.

- Det er uakseptabelt at Eritrea einsidig ønskjer å bestemme kva nasjonalitetar som skal delta i operasjonen, seier utanriksministeren. - Vi oppmodar Eritrea til å samarbeide fullt ut med FN og den fredsbevarande operasjonen, i tråd med den siste resolusjonen frå Tryggingsrådet 25. november i år. Samstundes vil vi frå norsk side understreke at Etiopia må oppfylgje sine tidlegare lovnader og akseptere vedtaket i den uavhengige Grensekommisjonen slik dei har forplikta seg til i fredsavtalen frå 2000.

- Begge land må no vise reell vilje til å gjere det som er naudsynt for å skape varig fred i regionen. Som leiar av Vennegruppa for FNs fredsbevarande operasjon i Etiopia/Eritrea står Noreg saman med andre land klar til å støtte partane for å få ei fredeleg løysing på konflikten, avsluttar utanriksminister Støre.