Historisk arkiv

Co-Chairs møttes for å drøfte den kritiske situasjonen i Sri Lanka

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Møtet i Tokyo oppfordra partane på Sri Lanka til å ta hand om den kritiske situasjonen. (30.05.06)

Pressemelding

Nr.: 70/06
Dato: 30.05.06

Co-Chairs møttes for å drøfte den kritiske situasjonen i Sri Lanka

Utviklingsminister Erik Solheim deltok i dag i eit Co-Chairs møte med EU, Japan og USA i Tokyo for å drøfte korleis det internasjonale samfunnet best kan hjelpe partane i Sri Lanka til å føre fredsprosessen vidare. Dei oppfordra partane på Sri Lanka til å ta hand om den kritiske situasjonen.

EU, Japan, USA og Noreg inngår i den såkalla Co-Chairs gruppa, som vart etablert i 2003.

- Vi er svært uroa over den aukande valden på Sri Lanka. Valden kan bringe øya tilbake til krig. Co-Chairs uttrykte at det internasjonale samfunnet ikkje vil ha nokon forståelse for at partane vel å gå til krig, fortalde utviklingsminister Solheim til pressa.

- Partane må finne attende til plattformen for samtalar som dei vart einige om i 2002-2003, og føre fredssamtalane vidare. Noreg har invitert partane til Oslo i neste veke for å diskutere tryggleiken til Sri Lanka Monitoring Mission (SLMM), som eit fyrste steg.

Felleserklæringa frå Co-Chairs er tilgjengeleg på Utanriksdepartementet sine heimesider .