Klima-symposium på Svalbard
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 06.03.2006 | Sist oppdatert: 05.10.2006
Forskarar, politikarar og næringslivsfolk frå Europa og Amerika diskuterte utfordringane for eit Arktis i endring på symposiet sist veke. (06.03.06)
Pressemelding
Nr.: 34/06
Dato: 06.03.06
Klima-symposium på Svalbard
2.- 4. mars vart det arrangert eit høgnivåsymposium om "The changing Arctic" i Ny-Ålesund. Det vart opna av statssekretær Karin Yrvin i Nærings- og handelsdepartementet, med innleiingar frå kunnskapsminister Øystein Djupedal, statssekretær Henriette Westhrin i Miljøverndepartementet og statssekretær Kjetil Skogrand i Utanriksdepartementet.
Representantar frå ei rekkje land var tilstades, mellom anna Storbritannia, USA, Frankrike, Canada og Russland, samt Europaparlamentet. Her diskuterte forskarar og politikarar saman med folk frå næringslivet utfordringane for eit Arktis i endring.
"Klima-endringane i Arktis har ikkje berre alvorleg innverknad på denne sårbare regionen, men på heile kloden", heiter det i ein felles uttale frå symposiet.
Utanriksdepartementet, Miljøverndepartementet, Kunnskapsdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Norges Forskningsråd var medarrangørar, medan Kings Bay AS var teknisk arrangør.