Noreg anerkjenner Montenegro som sjølvstendig stat
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 16.06.2006 | Sist oppdatert: 05.10.2006
- Europa har fått ein ny stat i eit tidlegare konfliktfylt område, men som no sakte er på veg inn i eit stabilt Europa, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre. (16.06.06)
Pressemelding
Nr.: 80/06
Dato: 16.06.06
Noreg anerkjenner Montenegro som sjølvstendig stat
Kongen i statsråd anerkjente i dag Montenegro som sjølvstendig stat.
- Europa har fått ein ny stat i eit tidlegare konfliktfylt område, men som no sakte er på veg inn i eit stabilt Europa. Det montenegrinske folket uttrykte eit klart ønske i folkeavstemninga 21. mai, og det ligg no eit stort ansvar på styresmaktene for å sikre ei god og stabil utvikling for Montenegro og regionen, uttalar utanriksminister Jonas Gahr Støre.
Med dette har Noreg anerkjent alle dei seks tidlegare jugoslaviske delrepublikkane som sjølvstendige statar. Noreg anerkjente Slovenia og Kroatia 15. januar 1992, Bosnia Hercegovina 7.april 1992, og Makedonia formelt gjennom FN-resolusjon 8. april 1993.
Noreg har i ei årrekkje hatt prosjektsamarbeid med Montenegro, og gir i år 30 millionar kroner for tiltak innan mellom anna elektrisitet, turisme, institusjonsbygging, kriminalitetsførebygging, og tiltak for born og kvinner.