Historisk arkiv

Noreg gir gjeldslette til gjenreising etter jordskjelvet i Pakistan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

I byte mot dei om lag 20 millionar dollar som blir ettergitt vil Pakistan bruke eit tilsvarande beløp på tiltak for gjenreising etter jordskjelvkatastrofa hausten 2005. (23.01.06)

Pressemelding

Nr.: 10/06
Dato: 23.01.2006

Noreg gir gjeldslette til gjenreising etter jordskjelvet i Pakistan

Under president Pervez Musharrafs besøk i Oslo, vil Noreg og Pakistan i morgon skrive under ein intensjonsavtale om eit såkalla gjeldsbytte (”swap”).

Underteikninga foregår tysdag 24. januar kl 17.30 i Regjeringens representasjonsbolig i Parkveien, av statssekretær i UD, Anne Stenshammer og Minister of State for Economic Affairs, Ms. Hina Rabbani Khar.

Ein tek sikte på å ettergje 20 millionar dollar (om lag 134 mill kroner) av Pakistans gjeld til Noreg, som er på om lag 45 millionar dollar (om lag 302 mill kroner). I byte mot dette vil Pakistan bruke eit tilsvarande beløp, rekna om til pakistanske rupees, på tiltak for gjenreising etter jordskjelvkatastrofa hausten 2005.

Midla vil verte kanaliserte inn i Den asiatiske utviklingsbankens gjenreisingsprogram for Pakistan (Pakistan Earthquake Fund), som frå før av er på 300 millionar dollar. Asia-banken er klar til eit treparts samarbeid om dette.

Dette er det andre ”multilateralt koordinerte gjeldsbyttet” som Noreg vil gjennomføre etter at ein liknande operasjon med Vietnam og Det internasjonale fondet for landbruksutvikling (IFAD) vart sette i verk sommaren 2005.

Pressekontakt: Informasjonsrådgiver Trine Broe-Andersen, mobil + 47 47 64 74 60 / toev@mfa.no