Historisk arkiv

Noreg innfører sanksjonar mot Nord-Korea

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Utenriksdepartementet

Regjeringa vedtok 15. desember ei føresegn om sanksjonar mot Nord-Korea. Føresegna inneheld blant anna forbod mot eksport av våpen og luksusvarer til Nord-Korea, og påbod om frysing av formuesgode som høyrer til personar eller einingar som er tilknytt Nord-Korea sitt program for utvikling av masseøydeleggingsvåpen. (18.12.06)

Noreg innfører sanksjonar mot Nord-Korea


Regjeringa vedtok 15. desember ei føresegn om sanksjonar mot Nord-Korea. Føresegna inneheld blant anna forbod mot eksport av våpen og luksusvarer til Nord-Korea, og påbod om frysing av formuesgode som høyrer til personar eller einingar som er tilknytt Nord-Korea sitt program for utvikling av masseøydeleggingsvåpen.

Sanksjonane har sin bakgrunn i at Nord-Korea 9. oktober 2006 erklærte at landet hadde gjennomført si fyrste atomprøvesprenging, etter at landet tidlegare hadde trekt seg frå ikkje-spreiingsavtala. Noreg har fordømt prøvesprenginga. Prøvesprenginga utgjer eit brot på fleire av Tryggingsrådet sine resolusjonar, og representerar eit hot mot internasjonal fred og tryggleik.

Føresegna er vedteken med heimel i lov av 7. juni 1968 nr. 4 til gjennomføring av bindande vedtak av Tryggingsrådet i Dei sameinte nasjonane, og vert innført som følgje av ein resolusjon frå Tryggingsrådet av 14. oktober 2006. Resolusjonen er bindande for alle medlemsstatane i FN.

Føresegna inneheld:

  • Forbod mot eksport og import av våpen og tilknytt materiell, og utveksling av tenester i form av trening eller bistand knytt til slikt materiell med Nord-Korea.
  • Forbod mot eksport av luksusvarer.
  • Påbod om frysing av formuesgode som høyrer til personar eller einingar som er tilknytt Nord-Korea sitt program for utvikling av masseøydeleggingsvåpen. Det gjeld likeins eit forbod mot å stille formuesgode til rådvelde for desse personane.

Brot på føresegna kan føre med seg straff og inndraging.

Føresegna tek til å gjelde straks, med unntak av forbodet mot eksport av luksusvarer som gjeld frå den tid Utanriksdepartementet avgjer. Føresegna vil om kort tid bli tilgjengeleg på www.lovdata.no.