Historisk arkiv

Noreg legg til rette for samtalar om Sri Lanka i Sveits

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

– Det er positivt at partane møtes til direkte samtalar. Dei tek på ny eit lite men viktig steg for å føre prosessen vidare, sjølv om situasjonen framleis er spent, seier utviklingsminister Erik Solheim. (11.10.06)

Pressemelding

Nr.: 130/06
Dato: 10.10.06

Noreg legg til rette for samtalar mellom styresmaktene på Sri Lanka og dei tamilske tigrane 28.-29. oktober 2006, i Sveits

Partane til fredsprosessen på Sri Lanka, styresmaktene og dei tamilske tigrane (LTTE), har avgjort å kome til forhandlingsmøte 28.-29. oktober i Sveits – og har tilskunda Noreg å legge til rette for eit slikt møte.

– Eg er takksam for sveitsiske styresmakter si sterke støtte til fredsprosessen i Sri Lanka og at dei er villige til å arrangere eit nytt møte for partane, seier utviklingsminister Erik Solheim.

– Det er positivt at partane møtes til direkte samtalar. Dei tek på ny eit lite men viktig steg for å føre prosessen vidare, sjølv om situasjonen framleis er spent, med hyppige trefningar. Det er avgjerande at regjeringa og LTTE stoppar kamphandlingane, for å sikre eit møte og auke sjansane for positivt utfall, seier utviklingsminister Erik Solheim.

Pressekontakt: Informasjonssjef Roy Freddy Andersen, mobil +47 90 61 05 30.