Historisk arkiv

Utviklingsminister Solheim til Sri Lanka og Japan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

I Sri Lanka vil Solheim og spesialutsending Jon Hanssen-Bauer mellom anna ha samtalar med styresmaktene i Sri Lanka og dei tamilske tigrane. (24.05.06)

Pressemelding

Nr.: 65/06
Dato: 24.05.06

Utviklingsminister Solheim til Sri Lanka og Japan

Utviklingsminister Erik Solheim og spesialutsending Jon Hanssen-Bauer reiser til Sri Lanka for samtalar med partane, styresmaktene i Sri Lanka og dei tamilske tigrane (LTTE).

Utviklingsministeren vil 26. mai møte presidenten i Sri Lanka, Mahinda Rajapakse. Solheim fortset 26. mai til New Dehli for samtalar med indiske styresmakter om Sri Lanka. Spesialutsending Jon Hanssen-Bauer vil 27. mai møte representantar for LTTE.

- Situasjonen i Sri Lanka er vanskeleg og det er viktig å ikkje ha urealistiske forventningar til besøket. Reisa er viktig i førebuinga til Co-Chairs møtet i Japan, og vi vil ha samtalar med begge partar.

Utviklingsministeren vil delta på Co-Chairs møte 30. mai i Tokyo. Co-Chairs møtet samlar EU, Japan, USA og Noreg til samtalar om fredsprosessen i Sri Lanka, og dei vil diskutere korleis dei best kan hjelpe partane på Sri Lanka vidare i fredsprosessen.

Pressekontakt: Avdelingsdirektør Aud Lise Norheim, mobil 48 26 83 69