Historisk arkiv

Utviklingsministeren er vert for Sri Lanka Co-Chairs

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Utenriksdepartementet

Noreg er vertskap for Sri Lanka Co-Chairs møte 28. april. Dette samlar EU, Japan, USA og Noreg til samtalar om fredsprosessen i Sri Lanka. Representantane vil diskutere korleis dei best kan oppmode partane til fredsprosessen i Sri Lanka til å respektere våpenkvileavtalen og føre fredsprosessen vidare. (27.04.06)

Pressemelding

Nr.: 53/06
Dato: 27.04.06

Utviklingsministeren er vert for Sri Lanka Co-Chairs

Noreg er vertskap for Sri Lanka Co-Chairs møte 28. april. Dette samlar EU, Japan, USA og Noreg til samtalar om fredsprosessen i Sri Lanka.

Utviklingsminister Erik Solheim vil leie det særskilde Sri Lanka Co-Chairs møtet 28. april med deltaking av statssekretær Richard Boucher frå USA, tidlegare pressetalsmann i det amerikanske utanriksdepartementet. Visegeneraldirektør Hervé Jouanjean vil representere EU-kommisjonen. Spesialrepresentant Akashi, tidlegare visegeneralsekretær i FN både for fredsbevarande operasjonar og nødhjelp, kjem frå Japan. Akashi var òg observatør under fredsforhandlingane i Kambodsja og leia valobservasjonen der.

Representantane vil diskutere korleis dei best kan oppmode partane til fredsprosessen i Sri Lanka, styresmaktene og dei tamilske tigrane (LTTE), til å respektere våpenkvileavtalen og føre fredsprosessen vidare.

- Eg er svært uroa over den aukande valden i Sri Lanka den siste tida, seier utviklingsminister Erik Solheim. – Det internasjonale samfunnet vil no møtast for drøfte den alvorlege situasjonen, fortel utviklingsministeren. – Vi oppmodar partane på det sterkaste om å møtast for direkte samtalar for å avløyse valden, legg utviklingsministeren til.

Det vert lagt opp til orientering for pressa etter møtet i Bankettavdelingen på Hotell Continental om lag kl 1515.

Pressekontakt: Informasjonssjef Espen Gullikstad, mobil +47 91 70 81 22